INGE BRULAND FOTOGRAF

”Det var måndag, prestens fridag, og eg strauk til fjells frå morgonen av.
Då eg gjekk opp mot det vesle fjellområdet som heiter Skute,
segla mørke skyer som skip over hovudet
 og det bles ein kald haustvind frå havet.
Utpå føremiddagen blei det opningar i det tunge skydekket
 og ”den store lysmeisteren” fekk haustfargane til å stråla.
Eg sakna fotostativet, men trøysta meg med at her kunne eg nok snart ta ein tur att.
Då ville det sikkert vera like fint.
Sidan har det gått opp for meg at slike signa dagar kjem aldri att.”